Diakoni i Landro

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Omsorga visast gjennom inkluderande fellesskap, nestekjærleik, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Kyrkja ynskjer å gjere Gud sin kjærleik og omsorg synleg og mogleg å erfare for alle menneske. Dette gjeld i alt arbeid i kyrkja. Kyrkja sin visjon for den diakonale tenesta er: «Gud sin kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste».
Det er diakonen som leier kyrkja sitt omsorgsarbeid.